Bilde av
Mjelkeeika
Foto:
Per Roger Lauritzen

Tørvikbygd, bygda med eika midt i vegen

På FV49 ved Bergsvatnet før Tørvikbygd står det ei solid eik midt i vegbana.  Dette skuldast at då Vegvesenet skulle utvide vegen på 1980-talet  så var eika freda. Det tok si tid å få oppheva fredinga, og Vegvesenet hadde dårleg tid. Dei løyste problemet med å legge vegen utanom på begge sider og la eika stå igjen på ei lita «øy». Sidan vart fredinga av Mjølkeeika som den heiter lokalt, oppheva, men eika har fått stå. På tross av tett kontakt med trafikken ser den ut til å holde stand. Det er for øvrig fleire store eiker i nærområdet ved Bergsvatnet. Dei er framleis freda.

No items found.

Kontakt Tørvikbygd.no

Takk! Meldingen din er sendt.
Det skjedde ein feil under innsending. Prøv gjerne på nytt.