Foto:
Start:
18/11/2023
10:00
Slutt:
18/11/2023
16:00
Pris:
Kjøp billettarnettsidearrangement på facebooksjå kart

Matfestival hos Berge Gard & Gartneri

Matfestival hos Berge Gard & Gartneri Lørdag 18.11 kl 10:00 til 16:00

‍

Som vanleg hjelper me med parkering her og for dei som vil parkera i sentrum har me gratis skyss! Det er berre å ryngja Lars på tlf 954 58 485 , me hentar og bringar

I kafeen er planlegging og innkjøp godt i gang. Me førebur både saltmat og søtmat.. noko for ein kvar! Den store kafe-nyheiten i år er at Siv Hereid frå Eidfjord lagar hakkasteik eller brurasteik som dei  seier i fjorden. Det er nyyydeleg og me lagar ein lunsjrett som vert servert med småpoteter, kålrabi, gulerot, heimelaga potetkaker og rødbetar. Me kjem og til å selja Sundepølsa med heimalaga potetsalat og heimelaga potetlomper i tillegg til pastasalat og kaker i lange banar. Det vert ein livleg og triveleg dag og me håpar de vil koma

‍

‍

Her er lista over årets flinke, lokale og tilreisande utstillarar!!!

Torill Folkedal: Potetkaker, nordlandslefser, krotakaker og flatbrød

Aga Kreative: Kromkaker, sprut, kirsebærsyltetøy og kanskje litt til…

Heimebakeriet v/ Åsne Femsteinevik: Cupcake m.m…

Vossasmøret: Mjølkekaker, smør, rømme og smoothie

Straffekaffe: Kaffi, koppar og varer frå skulekjøkkenet

Heidi Helgheim: Syltetøy, Hermetiske plommer, lefser, eplekaker og julekaker

Børsheim: Eplesaft

Fjærabygda Gardsmat: Mjølkeprodukt, vaffelrøre

Barmen: Sushi

Ovrid: Honning

Atle Myklatun: Rakfisk

Jafisk: Kvalkjøt, fiskefiletar, røykt blåkveite og torsk, hysekaker,steinbitkaker, store reker, snøkrabbe m.m…

Hjønnevåg: Lutefisk, fiskepuddingen som dei har fått gullmedalje for, røykelaks, makrell og div…

Rosendal Gardsmat:  Sundepølsa, blodpølse, pinnakjøt og lammerull

Vikedal Gardsmat: Pinnakjøt, spekeskinke, fenalår, bacon (vinnar av beste foredla kjøt)

Bjørnebruket: Pinnakjøt, bacon, produkt av ullgris og pølse

Gamlastova Gardsrestaurant: Pinnakjøt og spekepølsa

Løne: Rullepølsa, sylteflesk, smalahovesylta, spekemat,pinnakjøt m.m…

Myrdal Gard: Ost (4 av 5 ostar fekk pris i Oste–VM)

Hardanger Bygdeysteri: Steikeost og gåvepakning

I tillegg så kjem kafeen til å bugne med saltmat og søtmat… lokalt og heimelaga!!!

Velkomne til ein kjempekjekk dag

‍

Lag knytta til arrangementet

No items found.

Bedrifter knytta til arrangementet

Kontakt Tørvikbygd.no

Takk! Meldingen din er sendt.
Det skjedde ein feil under innsending. Prøv gjerne på nytt.
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meir informasjon.